Den beste
kvaliteten.....
2005-2010 Sognabær DA. All rights reserved.
Webmaster: ola@hopperstad.no
Bjørnebær












Bjørnebær er namnet på fleire bærplantar i slekta Rubus.
Bæra er svarte når dei er mogne, med ein søt og syrleg smak. Bjørnebærplanta er i slekt med bringebær, og har mange likskapar.

Bjørnebærplanten er ein staude som danner buskar eller kratt ved hjelp av lange jordstenglar og opprette skot. Skota har rette eller bøyde torner som hjelper planten til å klatra og verner han mot dyr. Bjørnebær har kvite eller rosa blomar med fem kronblad, mellom 2 og 5 cm i diameter. Etter blomstring gjev skota bær som først er grøne, så raudlege og til slutt mørkelilla eller svarte.

Det er særleg arten Rubus fruticosus som er rekna som bjørnebær. Det finst ei rekke mindre underartar. Det er mellom anna skildra opptil 40 slike i Noreg. Bjørnebær er apomiktiske, det vil seia at dei kan klona seg sjølv. Planten har også polyploiditet og kan lett danna hybridar med andre arta. Ein kan til dømes få fram boysenbær gjennom å kryssa bjørnebær med bringebær og loganbær.

Dyrking og hausting
Bæra på kvar plante mognar i utakt, ved at dei øvste bæra blir mogne først og dei lenger nede mogner seinare. Mogninga tek rundt tre månader, i Noreg i tida frå august til oktober, og dei nedste eller inste bæra blir sjeldan mogne.
Bjørnebær finst i mange kultivarar, mellom anna i typar som ikkje har torner, eller med greiner som står oppreist i staden for å krypa slik ville bjørnebær gjer.

Bjørnebæra er søtare jo mognare dei er. Dei inneheld mykje fiber og A- og C-vitamin.Dei kan etast åleine eller serverast saman med ulike dessertar og brukast til kakepynt. Dei kan også brukast til å laga syltetøy, marmelade, smoothie og likør.

Planten er også brukt innan folkemedisin. Ettersom blad og blomar inneheld garvesyre, verker dei betennelseshemmande. Friske blad er blitt brukt direkte på verkebyllar, eksem og kreftsår. I tillegg har avkok blitt brukt til å behandla munn- og halsbetennelse ved gurgling. Avkok av blad, blom og rot er også blitt brukt til å stoppa diaré.

Sognabær dyrkar ikkje lenger bjørnebær.
Sognabær DA on Facebook
57 69 75 00
Heim    Om oss       Arbeid    Fagstoff   Bilder      Blogg      Tunnelar      Hagebutikken