Produksjonen vår

Sognabær produserer hovudsakleg bringebær, men me har og ein del jordbær. I sesongen 2011 hadde vi 120 daa bringebær i tunnel og 50 daa bringebær på friland. I tillegg 10 daa jordbær av sortane Korona, Sonata og Florence. Glen Ample er vår bringebærsort, men vi har i 5012 planta 28 daa Glen Fine for maskinell hausting.

Så godt som alle bæra er planta på drill, dekka med svart polyfiberduk.

Med unntak av eitt lite felt i Vik, ligg alle bærfelta våre på Vangsnes.

I dei eldste felta har me ein planteavstand på 50-60cm, og ein radavstand på 3,4-3,6m. På desse bitt me opp ca. 6 planter pr. meter rad, og toppar på ca. 1,9m.

Dei nyaste felta har me planta tettare, med 40cm mellom plantene, og ein radavstand på 2,4m. Her bitt me opp 8-10 planter pr. meter rad, og toppar på ca. 1,9m.

Alle våre bærfelt er utstyrte med automatisk dryppvatning, og vert vatna jamnleg med gjødsel.
Den beste
kvaliteten.....
2005-2010 Sognabær DA. All rights reserved.
Webmaster: ola@hopperstad.no
Sognabær DA on Facebook
57 69 75 00
Heim    Om oss       Arbeid    Fagstoff   Bilder      Blogg      Tunnelar      Hagebutikken