Den beste
kvaliteten.....
2005-2010 Sognabær DA. All rights reserved.
Webmaster: ola@hopperstad.no
Ekte Bringebærhonning











Honning er eit reint naturprodukt, og har ulik smak, farge og konsistens, avhengig av kva planter nektaren er henta frå.
Sognabær sin Ekte Bringebærhonning består av honning produsert av nektar frå bringebærblomsten.

Kjenneteiknet for vår bringebærhonning er at den er lys, har fruktig lukt og ein mild og søt smak.
Honningen har lite pollen og er særdeles rik på nektar.

Honningen er flytande når vi slyngjer den ut, men dei fleste sortar vil krystallisere etter ei tid, så vi rører den i 5-6 dagar for att den skal bli fast.

Visste du forresten at for å produsere ein kilo honning, må biene besøkje over 20 millionar blomster - eller ta over 60 000 flyturar?

Sognabær har bier av arten Krainer, og leverer bringebærhonning i glas på 400 gram.
Vi leverer og lynghonning i glas på 500 gram.
Sognabær DA on Facebook
57 69 75 00
Heim    Om oss       Arbeid    Fagstoff   Bilder      Blogg      Tunnelar      Hagebutikken