Den beste
kvaliteten.....
2005-2010 Sognabær DA. All rights reserved.
Webmaster: ola@hopperstad.no
Jordbær











Raude, vakre, søte og sunne, jordbær er sommar
I gjennomsnitt et vi fem korger kvar med jordbær. Jordbærsesongen er ikkje så lang og du bør ete mykje meir enn fem korger. Jordbær er sunt, dei smaker søtt og er stappfulle av antioksidantar.

Jordbær er eigentlig ikkje bær
Det raude kjøtet er eigentlig ein oppsvulma blomsterbotn med små frø på, desse små frøa er botanisk sett nøter.

"Hele vela er berre jordbær"
Jordbær kan etast til fest, i parken og på brødskiva til kvardags. Du treng berre jordbær, enten med fløyte og sukker eller utan noko som helst. Du kan også bake med jordbær, sylte bæra og lage saft av dei

Meir om jordbær
Dagens hagejordbær er ein krysning mellom fleire ulike typar villjordbær. Markjordbær er kjent heilt tilbake til romartida, men hagejordbæret er ein ganske ung plante. Dyrkinga av jordbær starta ikkje før på slutten av 1700-talet og jordbær er faktisk ein av dei yngste kulturplantene vi har.
Prisene på jordbær varierer frå dag til dag i sesongen og avheng mykje av været. Jordbær har kort haldbarheit og bør etast, frysast eller konserverast omgåande.

Grunnar til å ete, fråtse i og kanskje bade i jordbær
Jordbær skal være ei kjelde til evig ungdom og er dessutan eit effektivt potensmiddel. Madam Tallien ved Napolens hoff pleidde å bade i frisk jordbærjuice. Moderne skjønnheitsekspertar vil garantert gi henne rett i at det var smart å bade i jordbær. Dei raude bæra er proppfulle av antioksidantar og andre stoff som skal være svært viktige for å forhindre aldringsprosessen i huda. 

Endå betre enn å bade i jordbær er det å ete dei. Jordbær inneheld store mengder vitamin C og K, sink, fordøyelsesfiber, jod, kalium, folsyre, vitamin B2, vitamin B5, vitamin B6, magnesium og kopar.
Djupraude og friske jordbær inneheld dessutan store mengder fenolar. Fenolar er blant dei kraftigaste antioksidantane, og har i ei rekkje forsøk vist seg å beskytte kroppens cellestruktur mot skader av frie radikalar.

Rottestudier har gjentekne gonger vist at dagleg inntak av friske jordbær motverkar stress og er bra for hjarta. Rotter som fikk jordbær kvar dag, forbetra i tillegg læringsevna og dei fikk betre motorikk.

Sognabær dyrkar sortane Senga Sengana, Corona, Florence, Polka og Honeyoy.
Sognabær DA on Facebook
57 69 75 00
Heim    Om oss       Arbeid    Fagstoff   Bilder      Blogg      Tunnelar      Hagebutikken