2005-2010 Sognabær DA. All rights reserved.
Bringebær
Bringebær i alle fargar
Bringebærplanta stammar frå Midt-Asia og kom til Norden tidleg på 1700-talet. I Norge skil vi mellom villbringebær som veks i skogen og hagebringebær. Villbringebær er mindre, men har ofte ein sterkere aroma enn hagebringebær. I butikkane omset dei kun hagebringebær. Mest vanleg i Norge er raude bringebær, men det finst og bringebær som er svarte, gule, oransje og kvite.
Mange bruksområde
Bringebær kan etast naturell åleine eller saman med andre bær til is eller andre dessertar. Friske bringebær kan og brukast som pynt på bløtkaker eller saman med andre bær i pai. Deilig også som kompott, til fromasj, fyll i bløtkaker eller rullekaker.
Fulle av antioksidantar
Bringebær inneheld rikeleg med antioksidantar - bl.a. vitamin C og E. Av mineralar kan nemnast kalium, magnesium og kalsium, og ein del folat og jern. Det seiest at bringebær kan ha ein virushemmande verknad.
Kvalitetskrav
Bringebær skal være turre utanpå, men likevel saftige. Dei skal og være heile og godt mogne. Fargen kan variere fra lysare raud til mørk raud avhengig av bærsort.